fredag 25. juni 2010

Båtradioen har lagt til kai


Etter ei veke langs kysten av fylket har "Fruens Vrede" lagd til kai. Innslaget frå handelsstaden Rugsund i Bremanger fredag var det siste innslaget på NRK Sogn og Fjordane for denne gong.

Turen held fram om ei god veke!

Me har hatt ein strålande tur i fantasktisk natur og ikkje minst møtt flotte folk. Heile veka har me hatt innslag morgon, ettermiddag og kveld på NRK Sogn og Fjordane, i Reiseradioen og Kveldsåpent. Folk har opna heimane sine for oss, me har trekt internett- og straumkablar gjennom stovene deira, og dei har servert oss god mat og sårt tiltrengd kaffi.

På turen har me vitja songfuglar Selje og klosteret der, restauranten "Skjærbuda" på den vesle øya Silda, Ulvesund fyr, "Mannen med ljåen" på Rugsundøya, ekteparet som restaurerer eit gamalt sagbruk i Terdal, villsaubøndene på Grønenga, dei som arbeider på båtverkstaden og steinbrotet på Seljestokken, vore på jonsokfeiring i Florø, vitja villmarkscamp og ein kystforfattar på Fanøy, samt snakka med ein allsidig trubadur, fylkets største garnfiskar og tilflytta nederlendarar på øya Hovden.

Men fortvil ikkje: Allereie søndag kan du høyra meir frå Rugsund på Kveldsåpent. Og skipper Harald Kolseth går med "Fruens Vrede" frå Florø og sørover måndag 5.juli, og då tar Frank Tangen over som skribent og fotograf på andre etappe sørover langs kysten.
Då vert det altså ei ny veke med båtradio, nye spennande stader og nye flotte folk. Følg med på NRK P1 og denne bloggen!

Største garnfiskaren i fylket

Rune Nilsen starta karriera på sjøen allereie som 6-7-åring i robåt med mora. Då sette dei sette krabbeteikner. No går det mest i torsk og sei.
Tungt garnfiske

- Torsken held det gåande for oss. Den er lettare å arbeida med, og prisen har vore betre. Men no byrjar seien å ta att torsken prismessig.
Nilsen eig den største garnfiskebåten i Sogn og Fjordane og er tredje generajons fiskar i familien. Garnfiske er tyngre enn linefiske, og dermed mindre populært. Men her har Nilsen funne levevegen.

På sommaren føregår fisket i Nordsjøen etter sei, torsk og lange. Vinterstid går båten mellom Mørekysten og Finnmark.

- Alle årstider har sin sjarm, men det er klart at å fiska på sommaren er flott, seier Nilsen.
Han bur på Øya Hovden nord i Flora. Der er det praktisk og billeg for ein fiskar å halda til.

- Det hadde ikkje gått med leigeprisane for ein plass på kaia i Florø, seier Nilsen.

"Dette er Noreg"

Om bord på fiskebåten "Skjongholm" har Nielsen eit mannskap på 14. På Hovden er det fem nederlandske familiar, og ein av nederlendarane -Jeen Broeils -er mannskap på båten til Nielsen. Systera hans - Fransisca - driv med frittgående høner og sauer på Hovden. Ho likar seg godt i litt ruskete vêr på kaia nedom huset i Hovdevågen.

- Det er ikkje surt vêr; dette er berre Noreg.

Ho har bidrege til at fleire nederlendarar satsa på Hovden.

- Me tok med telt og budde her i to veker etter å hatt mailkontakt med Fransisca. Og me fann at det var her me ville bu, seier Marion Vanech.

torsdag 24. juni 2010

Trubadur og øymann

Oddvar Folkedal (70) kjem frå øygruppa Batalden, men bur no i Florø. Men øymann er han framleis.
- Eg held meg i øyane så sant eg har sjanse og noko å gjera, for eg vil ikkje sitja i streslessen.
Likte sprengingsarbeidet

Karen med det gode smilet og glimtet i auga er eigentleg lærar, men har drive både som islandsfiskar, laboratoriearbeidar på Hydro, bonde og med prengingsarbeid.

- Det er jo greitt å kunne bora eit hol i ein stein og partera den viss du blir galen på steinen. Slikt kan du ikkje gjera i skulen. Der må du ta det pent.

Folkedal fortel folk på øyane i Flora lever som dei fleste andre i dag, men sjølv om det var trongare kår tidlegare, lei dei ikkje noko naud.

- Ein hadde ein liten jordlapp og dreiv med fiske, så det var ikkje snakk om å svelta i hel.
Menneske frå øyane har vorte rekna som sindige folk. Folkedal har ei forklaring

- Viss du såg fiskarar frå øyane i Florø så var det jo den dagen dei var i byen. Så då gjekk då gjekk dei roleg rundt å snakka med folk. Dei såg kanskje ikkje ut som arbeidskarar, men dei var nok det.

Spela opp til dans på ishuset

I tillegg til ei allsidig yrkeskarriere, har Folkedal spela mykje opp til dans rundt om.

- Eg kjøpte det fyrste trekkspelet då eg gjekk på gymnaset. Det me spelte mykje då var såkalla Evergreens, og det var temmeleg amerikanisert. Men det passa ikkje på øyane, så då me kom tilbake dit, gjekk me over til polka og vals.

Han fortel om livlege festar på øyane i sin ungdom.
- I Batalden hadde me ein betongbygning som vart kalla ishuset for det haddde vore kjølelager før krigen. Der var det mykje betongtøv om gjorde at trekksspela vart ustemte, men me trong ikkje forsterkar ettersom gjenklangen i betongen var svært god. Så stemninga var stor

Vêrgudane vrange på "Fruens Vrede"

Etter tre dagar med strålande vêr var det slutt. Vêrgudane slo seg vrange, og regn og skodde seig innover Fanøy.
Oljedressar påkravd

Mannskapet på "Fruens Vrede" har søkt ly på lugarane og i byssa etter å ha snakka med kystforfattaren og ungane på Villmarkscamp i dag.
Store mengder nedbør har gjort at oljedressane må på i alle utandørsaktivitetar. Etter fire netter med rundt fem timars søvn følte også mannskapet at ein middagslur var velfortent.

Utpå ettermiddagen la "Fruens Vrede" kursen mot Hovden lengre nord i Flora. Kva som skjer der høyrer du i Kveldsåpent torsdag og morgonsendinga på NRK Sogn og Fjordane fredag!

Gler seg til å dusja

Ungar skal læra seg å verta villmarksmenneske i løpet av ein fire dagar lang camp på Batalden i Flora, vest om vestlegaste byen i landet.
Saknar ikkje facebook

- Me har padla i kano og klatra. Det har vore veldig kjekt, seier Øyvind Alrek.

Dei saknar ikkje internett og facebook, men noko anna.

- Me har lærd veldig mykje om villmarka, Anna Svarstad.

- Mykje dusjing?

- Nei, me har ikkje dusja på fire dagar. Det saknar eg nok, seier Svarstad.

- Eg skal i alle fall dusja når eg kjem heim, seier Alrek.

Villmarkskunnskap har gått tapt

Leiar for campen, Hans Erik Stenseth, meiner villmarkskunnskap har gått tapt hjå ungdommen i datasamfunnet, også på vestlandskysten.

- Born treng å verta litt skitne under neglene, laga sin eigen mat på bål og bruka kroppen i fire dagar, seier han.

- Men skulle ein ikkje tru ungar frå vestlandskysten kunne dette frå før?

- Nei, eg trur ikkje det lenger. Me er komne inn i datasamfunnet, så me sit no her og må læra ungane det som var mest basalt for hundre og kanskje femti år sidan.

- Korleis taklar ungane det?

- Dei taklar det kjempebra. Me berre deler ut mat, og så set dei i gang på eiga hand. Så det har vore ein fryd.

Kystforfattar på heiltid

I ei gamal fiskarstove på Fanøy i Flora sit Trond Strømgren og skriv bøker om kystkultur.
- Så lenge det er gøy, lagar eg bøker

- Eg kasta loss for to år sidan og sa opp jobben min på Kystmuseet for å skriva på heiltid om kystkultur og tilhøyrande emne. Det er mest gøy. Inntekta er mindre, for så vidt, men så lenge det er gøy og folk set pris på det vil eg driva med det ei stund til.

Han har nettopp kome ut med den åttande boka si, "Fantastiske Florø".

-Eg gav ut ei boka for ein månad sidan, men no må eg ta ein pause for å selgja bøker også, men samstundes har eg fire nye bøker i hovudet. Så dei får eg skriva når eg får tid.

Det fredelege kystlivet

Strømgren har naturlegvis god greie på kystkulturen, og trur det sindige "kystlynnet" kjem av eit fredeleg kystliv.

- Me har kanskje meir tid her ute enn i ein by, for ungane skal ikkje køyrast og ditt og datt på kveldane. No tykkjer eg det er kjempespennande å bu her ute på kysten med triveleg folkeferd og massevis av interessant historie

onsdag 23. juni 2010

Full jonsokfest på florøvis

Rundt 250 båtar såg over tusen pallar brenna ned i eit gigantisk Jonsokbål rett utanfor Florø sentrum. Båtradioen tok turen ombord på galiasen Svanhild.

Politiet tykte Svanhild skugga for jonsokbålet

- Dette er ei 121 år gamal Hardangerjakt som har høyrd til i Florø dei siste 25 åra. Dei siste 7-8 åra har me hatt tradisjon for å reisa ut i Florøvika på Jonsokafta, seier leiar i Svanhilds venner, Liv Standal.

Båtar i alle storleikar og fargar tøffa rundt for å sjå på bålet med Svanhild som det naturlege midtpunket. Faktisk tok Svanhild vel mykje merksemd, tykte politiet.

- Dei ringjer og klagar på at me skuggar for utsynet, for me har jo segla oppe. Så me har flytta oss litt, for det er vel andre som vil sjå bålet også, seier skipper på Svanhild, Stein Arve Olsen.

Innom Florø for jonsokfeiring


81 år gamle Bjørg Ørsnes frå Osterøy har vore på om bord på "Snorre Viking" i fem veker. I kveld feirar ho jonsok med å sjå på det gigantiske bålet på rota i Florø.

Offiser i Frelsesarmeen

- Eg skal kjøpa pizza og eta den medan eg nyt bålet og alle menneska på sjøen.

Ho er mannskap og kjøkenhjelp på den flotte seglskøyta

- Eg likar best å vera på dekk, for eg elskar sjøen og naturen. Så har eg vore soldat i Frelsesarmeen i 50 år og offiser i 50 åra. Så då har eg reist frå stad til stad, og kanskje er det grunnen til at eg likar så godt å køyra med båt rundtom for å treffa nye menneske.

Seks veker på tur

På seglskøyta har Ørsnes ein Siberian Huskey.

- Ulf er med over alt. Det har han vore i alle år.

Den tøffe dama på 81 år starta båtturen for fem veker sidan, og har ei veke att.

- Eg starta Flatanger i Nord-Trøndelag og skal enda opp i Bergen.

Slik bur og jobbar me ombord


Me skal køyra båten mellom ymse utkantar, senda 20-25 minuttar med radio og laga 7-8 blogginnlegg kvar dag, samt eta og sova om bord. Sjølivet er krevjande og flott på "Fruens Vrede" - ein Colin Archer på 35 fot me sender båtradio frå.

Trekkjer mykje kabel

Dagane startar klokka 7 med frukost i form av brød med Nugatti eller syltetøy. Så må me få internett med brukbar bandbreidde på plass så direkteinnslaga våre på NRK Sogn og Fjordane kvart over åtte og kvart på ni får god lyd. Nokre dagar sender me også i Nitimen på P1 mellom klokka halv elleve og elleve

Radioinnslaga frå båten som lyttarane våre høyrer på, kjem nemleg i stand ved at lyden går via ei datamaskin og mobilt eller kabla internett. Er tilhøva gode, klarar me oss med mobilt nettverk, men for å vera på den sikre sida, prøver me å få nett via kabel. Dermed har me trekt ein del hundremeter med nettkabel i løpet av turen.

Når innslaga om morgonen er vel overstått - og det har dei stort sett vore - legg me ut på bølgjan blå. Me skal nå nye spennande plassar og snakka med nye spennande folk til ettermiddagssendinga lokalt og Kveldsåpent riks.

Svært varierte arbeidsoppgåver

Om bord tek skipper Harald Kolseth seg av navigeringa og det tekniske. Underteikna styrer roret når skipperen er oppteken med andre ting, i tillegg til å skriva blogginnlegg. Blogginga skjer via mobilt breiband i solskin (som oftast) frå dekk. Yngstemann og dekksgut Hans Ivar Moss Kolseth kastar loss og held styr på fenderane.

Kokkeleringa deler me på, og med to gassplater i ei lita bysse er boksemat som lapskaus og spaghetti a la capri ynda middag for sjøfolk. Det er som til fjells - alt smakar godt her.

Kvar går turen vidare?

Når me så har nådd destinasjon for ettermiddagen og kvelden, er det nye internettkablar å trekkja, fleire intervju me skal ta og blogginlegg å få ut på nettet. Etter innslaga i Kveldsåpent klokka ti over halv ti, er me igjen på tokt. Då må me finna ein plass å leggja til hamn for natta som er nær staden me skal ha innslag frå dagen etter. Mellom klokka eitt og to på natta kjem me oss på små lugarane med stikkøyer og søv tungt til dagen etter.

Per onsdag har Fruens Vrede vitja songfuglar Selje og klosteret der, restauranten "Skjærbuda" på den vesle øya Silda, Ulvesund fyr, "Mannen med ljåen" på Rugsundøya, ekteparet som restaurerer eit gamalt sagbruk i Terdal, villsaubøndene på Grønenga, dei som arbeider på båtverkstaden og steinbrotet på Seljestokken og i kveld skal me vera med på jonsokfeiring i Florø.

Kva båtradioen finn på vidare må du høyra på NRK Sogn og Fjordane, P1 og lesa bloggen "Kystsommaren" for å få med deg!

Får fart på karane

Nina Seljestokken tok nyleg over som dagleg leiar på den ærverdige båtverkstaden bestefar hennar bygde opp for 50 år sidan.

Bytte bransje

- Eg har jobba med oppdrett i mange år, men om nokon skulle ta over familieverksemda måtte eg nesten byta bransje, og det går bra, seier ho.

Båtverkstaden ligg på øya Seljestokken i Flora. Nina sin far, Torleif, fortel det går fortare med repareringa av båtar etter at dottera tok over etter han.

- Ho vil ha tempo og få båtane fort inn og ut att, medan me gamlekarane er litt meir langsame der.

- Må masa på karane

- Eg likar å halda tidsfristane våre, så då må eg masa litt på denne gjengen så me får levert båtane til rett tid, svarar Nina.

Lenge var det problem å få folk til å jobba ved båtverkstaden, men det har vore enklare dei seinare åra.

- Kanskje fordi STX -det gamle båtverftet i Florø - har trappa ned, seier Torleif.

Held liv i øysamfunna


Folketalet minka, befolkninga vart eldre og yngre flytta vekk. Men dei siste åra har øysamfunna i Flora fått tilflyttarar frå andre europeiske land og framtidsutsiktene ser lysare ut.

- Ungane vil ikkje tilbake til Holland

- Eg likar jobben og kollektivet etter å ha vore her i ti månader. Me bur i Florø, og eg reiser hit til Seljestokken med båt kvar dag, fortel ukrainske Sergei Zukov, som jobbar på Seljestokken båtverkstad.

Til saman er det fem tilsette på båtverkstaden. På steinbrotet på Seljestokken - drive av det belgiske firmaet Group de Cloette - vinn dei ut stein som vert frakta til Belgia. Hollandske Marion Vanech syklar til laboratoriejobben sin på steinbrotet kvar dag.

- Eg bur på Brekstad, der det no er fem hollandske familar. Og ungane vil ikkje tilbake og bu i Holland. Dei vil vera her.

Større aktivitet

Torleif Seljestokken på båtverkstaden fortel tilflyttarane har betydd mykje for øysamfunna i området.

- Folketalet minka, befolkninga vart eldre og yngre flytta vekk. Me hadde dårlege fagtidsutsikter, men no har det vorte fleire i området og aktiviteten er større på alle måtar. Kulturskilnaden er såpass lita i Europa at det ikkje er noko problem, men me har ei språkbarriere.

Brettar ulla av sauen

Villsau er ikkje som anna sau. Mellom anna må dei ikkje klyppast.

- Ulla fell av, men no er det så mykje ull rundt omkring her at me plukkar av sauene som har noko att, seier Anders Braanaas.

Vikingsau

Han og Hilde Buer har drive med villsau på veglause Grønenga utanfor Flora i ti år. No har dei 120 vinterfora sauer gåande på øya, og 80 andre beitar på ei annan øy.

- Det er flott å vera sauebonde. Me styrer dagane sjølve, og lærer noko heile tida sjølv om me har drive med dette i 30 år. Men det gjeld så klart å halda seg unna gjeld og for store investeringar, fortel Braanaas.

Men dei får valuta for villsauen sin på Grønenga. Dei sel kjøtet rett til restaurantar, og vann ein blindtest av sauekjøt som landets beste kokkar gjorde. Og dei får godt betalt for skinn og ull. Ulla til villsauen er nemleg heilt spesiell.

- Vikingane hadde ikkje klard seg utan villsauen. Både segla og kleda deira var laga av ull frå villsau. Ulla held godt på varmen sjølv om den vart blaut, seier Buer.

Tam villsau

For dette er sjølve ursauen. Den utviklar seg og ser ut som sau gjorde for 5 000 år sidan. Den legg opp store mengder feitt om sommaren for å gå på sparebluss om sommaren, og muskelfibrane utviklar seg seint så det vert finare i starukturen. Også har den altså heilårsull som fell av om sommaren.

- Den der har gått og skrubba seg under ei grein, fortel Buer om ein sau som ser ut som ein frisert puddel med naken frampart og ullete bakpart.

Men sjølv om dette altså er villsau, vert den tammare enn vanleg sau.

- Det kjem heilt an på korleis ein behandlar dei under oppveksten. Me har namn på alle 120 sauene våre, og dei kjenner oss att. Når me kjem mot dei, spring dei gjerne ein runde rundt oss for å få rett vind. Når dei luktar at det er oss, kjem dei i fanget, avsluttar Buer.

tirsdag 22. juni 2010

Restaurerer unikt anlegg


Vatnet i renna på Terdal i Flora gav kraft til både kvern, stampe, vinsj og sag. Mykje var forfallent, men no vert den restaurert av dei einaste fastbuande i den veglause dalen.

Kom frå Voss med stoff

- Det er ingen andre stader så mange ulike ting vart drivne av vatnet frå same renna, fortel Arthur Nord.

Vassmengda vert regulert av ein demning og ei sluse før det går inn i renna. Fyrste vasshjul driv kverna, og andre vasshjul driv ei såkalla stampe.

- Her kokte og stampa dei stoff som var vevd. Stamping er det me kallar toving i dag. Eg kan så vidt hugsa at denne var i bruk. Dei kom heilt frå Voss med stoff hit, fortel Else Nord.
Truleg frå 1600-talet

Det tredje vasshjulet dreiv ein vinsj som løfta tømmerstokkane frå brygga. Det fjerde og definitivt største hjulet dreiv saga.

- Truleg er mykje av dette heilt frå 1600-talet, seier Arthur.

I dag driv ekteparet med villsau, og har gjort eit stort restureringsarbeid med anlegget.

- Renna var heilt nedfalls og róten, men den har me fått opp att. Også vasshjula er restaurerte, fortel Arthur.

Det som gjenstår no, er å resturera saga.

- Det har stoppa opp, for pengane manglar. Me har fått litt frå Sogn og Fjordane Energi og andre, men ingen flesker til. Heller ikkje fylkeskommunen. Og her har me ofte skuleklassar på besøk, avsluttar Arthur.





Liv på sjøen








Tysdag er "Fruens Vrede" i ferd med å leggja den lengste etappen bak seg på heile turen. Me starta frå Skatestraumen i Bremanger om lag klokka 12, og skal nå Grønenga i Flora ei gong på ettermiddagen.

Sjøgangen er ikkje noko å snakka om, men me har motvind, og går ikkje meir enn 6 knop, eller 10-11 km/t. Distansen er om lag 25 nautiske mil, eller 45 kilometer. På turen har me møtt fiskebåtar som ligg og duppar, seglbåtar og sjarkar. Det er altså skikkeleg kystsommar på Fruens Vrede!

Skipper Kolseth har vore travelt oppteken med å planleggja dei neste påfunna våre på turen, medan underteikna fungerer som ein kombinasjon av dekksut og styrmann (oppgradert frå kokk). Yngstemann og opphavleg dekksgut, Moss Kolseth jr. er småsjuk og held lugaren.


På grønenga skal me mellom anna helsa på villsauer!

Kalveslepp på Nygård


I varmt og godt vêr kunne Jon Rune Nygård starta å sleppa kalvane på beitet tysdag. 12 kalvar kan dermed dansa rundt på markene på den vesle staden i Bremanger. Dansa gjorde også kalven for fotografen, så Nygård hadde nok med å halda den fast i tauet.

Heksejakt ved Hornelen

Sylkvasse Hornelen skyt seg 890 meter rett opp frå Skatestraumen. Heksene hadde tilhald på fjelltoppen tidlegare, seier Edvard Nygård.

Mannen med ljåen

- Dei heldt seg på Hornelen før dei reiste vidare til Bloksberg, fortel 82-åringen som vaks opp på Nygård, rett over fjorden for Hornelen.

Den svarte katten på Nygård ser ut som ein skikkeleg heksekatt. Og heksene var ikkje langt unna i gamle dagar, fortel Edvard, som er "mannen med ljåen" der han slår graset for hand.

- Det var ei gong at ein kar prøvde å skyta på ei av heksene her. Om han trefte veit eg ikkje. Men eldste kona på garden fekk i alle fall eit hekseskot i ryggen, og ho vart aldri bra att. Så det må vera noko i dette med heksene på Hornelen


Tek slåtten på gamleviset

82 år gamle Edvard Nygård slår fortsatt graset med stuttorv på Rugsundøya i Bremanger kommune. Det er han vand til.

- Då me var gutungar byrja me tidleg. Alle måtte ardeida. Gardane låg på rundt fire mjølkekyr og nokre sauer.

Spreia møkk med berre hendene

Han flytta til Skavøypollen i 1981, men hadde fram til då budd på øya - som var utan veg til 2003 - innunder fjelltoppen Hornelen.

- Me var vande til å bu utan veg. Og det vart særskild lettare etter me fekk båtar med motor under krigen. Før den tid var det å ro og ro til handelsmannen i Rugsund. Og det var mykje slit.

Nygård har også vore med på å spreia møkk på markene med berre hendene. For hest hadde dei ikkje i Nygård sin ungdom.


- Kumøkka hadde me i ei handvogn. Då var det ein framme som drog, også var me tre ungar bak som dytta på. Det var alvorleg tungt.

Fanga fisk til middag

Nygård har også skaffa fisken til middagsbordet sjølv

- Eg var oppe i femtida i dag og tok opp lina som eg sette i går kveld. Så eg fekk mykje lyr, sei og torsk. Me åt mykje fisk då me var småe også, særskild sild.

Skodda heng nedover fjella

Tysdag kika me ut til litt meir "ymse" vêr frå lugarane våre på "Fruens Vrede".

- Ingen problem

Skodda hang nedover Hornelen -fjelltoppen i Bremanger kommune seglskøyta vår har ligge under i natt. Det er også litt yr i lufta.


- Men skodda ligg ikkje nedpå sjøen, så dette er ikkje noko problem, kommenterte skippar Harald Kolseth under frukosten.


Det er heller ikkje noko vind å snakka om, så underteikna er ikkje veldig bekymra førebels. Men torsdag og fredag seier vêrmeldingane at vinden og regnet skal auka på, så då får me sjå korleis dette går. Elles er yngstemann vorten forkjøla. Fort gjort når ein hoppar tre gonger i sjøen i juni månad.


På dag 2 av kystsommaren skal me mellom anna vera med på slåtten og besøka ein gard med villsau. Ruta går sørover Frøysjøen mot Flora med innlagde strandhogg.

mandag 21. juni 2010

Fyrsong i kveldslys

Ein lang og innhaldsrik dag i kystsommaren vart avslutta med musikk på Ulvesund fyr.

- Eg hadde lyst til at Ulvesund fyr skulle vera eit lyspunkt i kvardagen og formidla kulturarv heilt frå 1870, seier Sølvi Hopland, som ögså sel eigenprodusert musikk ved fyrset

Lokale produkt

Hopland har 17 senger til utleige, og driv kafé med lokale produkt. Både lokale folk og turistar vitjar kaféen. Dei kan mellom anna drikka Stadthav-te og Fyrsaft.

- Folk frå nærområdet har strikka, fotografert og laga ulik anna pynt som heng rundt her, fortel Åse Zimmermann frå Vestfold.

Ho held stand på fyret i sommar i lag med Anne Jorunn Nielsen frå Jæren. Sommarjobben med den spektakulære utsikta har dei to hatt i mange år.

- Det er flott med fjella som stuper seg rett ned i sjøen, seier Zimmermann.

- Lyset er fascinerande. Plutseleg er heile Stadlandet dekka av tåke, fortel Nielsen.

I dei bratte bakkane utanfor kaféen og fyret går tre geiter. Dei vert tekne godt vare på.

- Me har myggmaskin for at geitene ikkje skal verta etne opp av myggen, fortel Zimmermann

Sjøulken på Silda


Me køyrde over frå Selje til Silda med Fruens Vrede. Glitrande vêr, lite sjø og stødig skipper gjorde turen på tre kvarter til ein fryd.

Skal køyra båt frå Grønland

På øya Silda med åtte fastbuande møtte me ein ekte sjøulk. Ragnar Torset segla jorda rundt med vikingskipet Saga siglar. Til Silda kom han med ei klassisk plastsnekke på 27 fot frå Sagafabrikken på Silda.

- Eg har alltid vore og er fortsatt båtmann. Dette er fyrste storturen. Me gjekk frå Stad og håpar å koma oss til Bergen, men me skal innom mange stader på turen, og la no til Kai på Silda. Seinare i sommar skal eg på ein mykje lengre tur. Då skal eg køyra ein båt heim frå Grønland, seier Torset.

Restaurant i gamaldags notenaust

Han sit på restauranten "Skjærbuda" - ein restaurant bygd i eit gamaldags notenaust - på Silda. Den vert driven av Jarle Silden.

- Det har gått veldig bra så langt. Eg er herifrå, og følte eg måtte laga ein plass der folk kan gå, seier Silden.

Kona Synnøve er med på å drifta restauranten.

- Eg er fødd og oppvaksen i Oslo, så det var litt rart å stå her på Silda og sjå båten reisa for fyrste gong i 1989. Men eg har vorte veldig glad i øya og folka, samt at eg har fåptt gjort mykje av det eg har drøymd om i livet mitt.

- Fint om vinteren også

Med 15 arbeidstimar kvar dag gjer paret sitt for å laga liv på øya. Dei fastbuande Hans og Margunn Fure tykkjer den meir rolege vinteren på silda er flott også.

- Det er fint her om vinteren også. Vêret taklar me, seier Hans.

- Me ser fram til sommaren når det kjem meir folk hit. Det livnar til rundt påsketider, legg Margunn til.

Tok årets fyrste bad


Frå ripa på "Fruens Vrede" tok Hans Ivar Moss Kolseth årets fyrste bad.


Faktisk måtte han hoppa tre gonger for at alle skulle verta nøgde. Fyrst måtte far og skipper Harald ha kommenter på vasstemperaturen til sendinga på NRK Sogn og Fjordane etter fyrste hoppet. Så skulle underteikna og nettansvarlege festa eit nytt hopp til minnekortet på kameraet. Men sidan kameraet stod innstilt på ti sekundars sjølvutløysar, måtte også eit tredje hopp til.


- Det var kaldt, kom det ordknapt frå dekksguten etter tre hopp og mykje gåsehud.

Drikk han seg ung?


Ved å drikka av sunnivakjelda ved Selje kloster, skal du bli yngre og penare, heiter det.


Veks håret att?


- Det vert no tomt for vatn her viss eg skal drikka så eg får att håret, seier Kjetil Bolken frå Nord-Trøndelag.


Han knelar og tek tre supar av kjelda etter St. Sunniva, akkurat slik det skal gjerast etter oppskrift for å verta yngre.


- Føler du håret byrjar å veksa?


- Nei, men vatnet var godt.


- Torer eg spørja kor gamal du er?


- Kva tippar du, då?


- Det er jo skummelt. Rundt femti; kanskje?


- Takk, verkar kjelda så fort? For eg vert snart 62

Fekk ringa med klosterklokka


To unge karar frå Rogaland vart klokkarar for ein dag på Selje Kloster.

Lagde "klokkarårn"


- Det var gøy! Bror min vart litt redd for å falla ned frå skuldrane, men me klarde å ringja meg klokka, seier Odd Helge Oksavik Juva (10).

Tauet som dei unge turistane måtte dra i, var så høgt at fem år gamle Øystein sat på skuldrane til bror sin for at klokkene skulle kima.

- Det vart ikkje så mykje lyd fyrste gongen fordi eg måtte dra så hardt. Men andre gongen gjekk det fint, seier Øystein.