mandag 21. juni 2010

Fyrste dag som klosterguidar



I heile sommar skal dei to karane fortelja Selje kloster si 1000 år lange historie til turistar.


- Det er ein nydeleg plass. All historia ligg her. Og eldre kyrkjehistorie finn du ikkje i Noreg, seier Torkild Balog (21).


Vêrhard sommarjobb

Han er frå Drammen, men mora er sokneprest i Selje. Balog har aldri vore på klosteret før, men skal i lag med Sondre Nave (18) halda til på klosteret i nesten to månader.


- Eg trur det vert veldig fint. Det blir godt å vera utandørs, sjølv om det kan verta vêrhardt, seier Neve, slom kjem frå Bryggja i Vågsøy.


Måndag var fyrste arbeidsdag for dei to. Då følgde dei med på guidinga til skipper på Klosterbåten, Jan Hammersvik, for å læra seg kunsten sjølv.


Sint presteenke brann opp klosterhistoria

Ein av lærdommane dei to fekk, var at ei myteomspunne presteenke brann opp heile kyrkjearkivet i Selje på 1600-talet. Etter at fire prestar hadde døydd frå ho under uvisse omstende fekk ho ikkje gifta seg med den femte, og vart sint. Hemnen enda i at kyrkjebøkene og klosterhistoria gjekk opp i røyk. Difor veit ein heller ikkje så mykje om historia til Selje kloster.


- Det var jo veldig synd, men samstundes er det mindre for oss å læra, spøkjer Nave.


- Kyrkjebøkene var jo nesten den einaste kunnskapskjelda ein hadde frå middelalderen, så eg tykkjer det er ein tragedie, seier Balog.


Held klosteret ved like



Villsauene er folkeskye og likar ikkje pressa. Men dei gjer sitt for at Selje kloster ikkje skal gro att.
- Det er 58 tilsette her, og 56 av dei er firbeinte. Dei gjer ein stortarta jobb, seier Jan Hammersvik, skippar på Klosterbåten og guide på Selje kloster.

Må plukka sauedrit
Etter at ein flokk villsauer vart sleppt ved kloseteret for to år sidan, har graset vore "nyslått" kvar dag heile sommaren. For dei som driv med vedlikehaldsarbeid rundt klosteret har jobben vorte greiare.

- Me må jo plukka opp bæsjen deira, men det går mykje fortare enn å klippa plenen, seier Maria Vengen Jensen.

Dermed kan ho bruka tida på andre ting.

- No fjernar me torv frå hellene som ligg rundt klosteret, seier Jensen.

Song for båtradioen


"Eg rodde meg ut" song Åse Birgitte Berstad og Maria Vengen Jensen på båtradioen måndag morgon.

Sjølv om me forhåpentlegvis ikkje treng å ro "Fruens Vrede", sette dei to jentene skikkeleg kystsommarstemning med sine vakre tonar på ekte seljedialekt.

Ansvarsbevisste jenter
Berstad og Jensen - begge 22 år gamle - har også sett tusenvis av besøkande ved Selje kloster i stemning gjennom jobben som klosterguidar dei siste åra. Og dei to studentane vil gjerne flytta heim til Selje for godt.

- Det vil me sjølvsagt vil benytta oss av viss me får høve. Men det kjem jo an på ein del ting me ikkje veit no, seier Berstad.

- Har du til dømes ein kjæraste som ikkje får jobb her, er det ikkje så greitt. Men eg ser på det som eit ansvar å flytta tilbake hit. For viss ikkje me unge gjer det, så vert det ikkje noko att her, legg Jensen til.

Mannskapet er på plass


Søndag kveld og natt var heile mannskapet på plass. Yngstemann gjekk rett frå skulebenken til lugaren på Fruens Vrede, skipparen innvia skøyta med direktesending på kveldsåpent, og nettansvarlege reiste frå metalfestival i Gøteborg til Selje.
Pussa på skøyta ein månad
Skippar Harald Kolseth har brukt den siste månaden på å pussa opp vårt flytande lune hi den neste veka.
- Det tek alltid litt meir tid enn ein trur, kommenterer han.
Sonen til Harald, Hans Ivar Moss Kolseth, avslutta niandeklasse fredag, og er no klar for båtradio og kystsommar.
Frå skrik og vræl til vakker seljesong
Sjølv køyrde underteikna nærare 100 mil for å koma om bord på Fruens Vrede søndag. Etter å ha sett hardrockgruppene Rammstein og In Flames setja fyr på det meste i Gøteborg denne helga, gjekk turen til vesentleg meir fredelege Selje. Men ikkje heilt utan komplikasjonar.

Alt gjekk i utgangspunktet såre vel og tidsplanen på ruta Gøteborg-Strømstad-Sandefjord-Lærdal-Skei-Anda vart følgd til punkt og prikke. Men billettøren på ferga som gjekk til Lote ved midnatt kunne fortelja at Lotetunnelen var stengd til klokka 0215. Dermed vart det ein omveg på om lag sju mil langs Panoramavegen via Blakstad. Underteikna såg ikkje så lyst på det då Caddyen klatra seg oppover dei smale kleivane den fyrste mila frå Lote, men sumarnatta var flott, og klokka 2 kunne sistemann om sider leggja seg i lugaren på Fruens Vrede.

Måndag morgon starta med vakker korsong frå to lokale Seljejenter - i temmelg stor kontrast til vrælande In Flames i Gøteborg 30 timar før.

Dermed er alt klart for kystsommar på Fruens Vrede!

søndag 20. juni 2010

Båtradio i NRK


Måndag startar Harald Kolseth ei reise langs kysten av Sogn og Fjordane. Med eigen gamaldags seglebåt vil han, Ole Ramshus Sælthun og dekksgut Hans Ivar Moss Kolseth oppsøkje folk og små samfunn på øyar og holmar langs den spennande kysten vår.

Starten går frå Selje i retning sørover til Florø. Det blir innslag i radio både morgon, føremiddag og ettermiddag. I tillegg vil Ole ta bilder som han legg ut på nettet via bloggen.

Skipper og reporter er Harald Kolseth.