fredag 25. juni 2010

Båtradioen har lagt til kai


Etter ei veke langs kysten av fylket har "Fruens Vrede" lagd til kai. Innslaget frå handelsstaden Rugsund i Bremanger fredag var det siste innslaget på NRK Sogn og Fjordane for denne gong.

Turen held fram om ei god veke!

Me har hatt ein strålande tur i fantasktisk natur og ikkje minst møtt flotte folk. Heile veka har me hatt innslag morgon, ettermiddag og kveld på NRK Sogn og Fjordane, i Reiseradioen og Kveldsåpent. Folk har opna heimane sine for oss, me har trekt internett- og straumkablar gjennom stovene deira, og dei har servert oss god mat og sårt tiltrengd kaffi.

På turen har me vitja songfuglar Selje og klosteret der, restauranten "Skjærbuda" på den vesle øya Silda, Ulvesund fyr, "Mannen med ljåen" på Rugsundøya, ekteparet som restaurerer eit gamalt sagbruk i Terdal, villsaubøndene på Grønenga, dei som arbeider på båtverkstaden og steinbrotet på Seljestokken, vore på jonsokfeiring i Florø, vitja villmarkscamp og ein kystforfattar på Fanøy, samt snakka med ein allsidig trubadur, fylkets største garnfiskar og tilflytta nederlendarar på øya Hovden.

Men fortvil ikkje: Allereie søndag kan du høyra meir frå Rugsund på Kveldsåpent. Og skipper Harald Kolseth går med "Fruens Vrede" frå Florø og sørover måndag 5.juli, og då tar Frank Tangen over som skribent og fotograf på andre etappe sørover langs kysten.
Då vert det altså ei ny veke med båtradio, nye spennande stader og nye flotte folk. Følg med på NRK P1 og denne bloggen!

Største garnfiskaren i fylket

Rune Nilsen starta karriera på sjøen allereie som 6-7-åring i robåt med mora. Då sette dei sette krabbeteikner. No går det mest i torsk og sei.
Tungt garnfiske

- Torsken held det gåande for oss. Den er lettare å arbeida med, og prisen har vore betre. Men no byrjar seien å ta att torsken prismessig.
Nilsen eig den største garnfiskebåten i Sogn og Fjordane og er tredje generajons fiskar i familien. Garnfiske er tyngre enn linefiske, og dermed mindre populært. Men her har Nilsen funne levevegen.

På sommaren føregår fisket i Nordsjøen etter sei, torsk og lange. Vinterstid går båten mellom Mørekysten og Finnmark.

- Alle årstider har sin sjarm, men det er klart at å fiska på sommaren er flott, seier Nilsen.
Han bur på Øya Hovden nord i Flora. Der er det praktisk og billeg for ein fiskar å halda til.

- Det hadde ikkje gått med leigeprisane for ein plass på kaia i Florø, seier Nilsen.

"Dette er Noreg"

Om bord på fiskebåten "Skjongholm" har Nielsen eit mannskap på 14. På Hovden er det fem nederlandske familiar, og ein av nederlendarane -Jeen Broeils -er mannskap på båten til Nielsen. Systera hans - Fransisca - driv med frittgående høner og sauer på Hovden. Ho likar seg godt i litt ruskete vêr på kaia nedom huset i Hovdevågen.

- Det er ikkje surt vêr; dette er berre Noreg.

Ho har bidrege til at fleire nederlendarar satsa på Hovden.

- Me tok med telt og budde her i to veker etter å hatt mailkontakt med Fransisca. Og me fann at det var her me ville bu, seier Marion Vanech.

torsdag 24. juni 2010

Trubadur og øymann

Oddvar Folkedal (70) kjem frå øygruppa Batalden, men bur no i Florø. Men øymann er han framleis.
- Eg held meg i øyane så sant eg har sjanse og noko å gjera, for eg vil ikkje sitja i streslessen.
Likte sprengingsarbeidet

Karen med det gode smilet og glimtet i auga er eigentleg lærar, men har drive både som islandsfiskar, laboratoriearbeidar på Hydro, bonde og med prengingsarbeid.

- Det er jo greitt å kunne bora eit hol i ein stein og partera den viss du blir galen på steinen. Slikt kan du ikkje gjera i skulen. Der må du ta det pent.

Folkedal fortel folk på øyane i Flora lever som dei fleste andre i dag, men sjølv om det var trongare kår tidlegare, lei dei ikkje noko naud.

- Ein hadde ein liten jordlapp og dreiv med fiske, så det var ikkje snakk om å svelta i hel.
Menneske frå øyane har vorte rekna som sindige folk. Folkedal har ei forklaring

- Viss du såg fiskarar frå øyane i Florø så var det jo den dagen dei var i byen. Så då gjekk då gjekk dei roleg rundt å snakka med folk. Dei såg kanskje ikkje ut som arbeidskarar, men dei var nok det.

Spela opp til dans på ishuset

I tillegg til ei allsidig yrkeskarriere, har Folkedal spela mykje opp til dans rundt om.

- Eg kjøpte det fyrste trekkspelet då eg gjekk på gymnaset. Det me spelte mykje då var såkalla Evergreens, og det var temmeleg amerikanisert. Men det passa ikkje på øyane, så då me kom tilbake dit, gjekk me over til polka og vals.

Han fortel om livlege festar på øyane i sin ungdom.
- I Batalden hadde me ein betongbygning som vart kalla ishuset for det haddde vore kjølelager før krigen. Der var det mykje betongtøv om gjorde at trekksspela vart ustemte, men me trong ikkje forsterkar ettersom gjenklangen i betongen var svært god. Så stemninga var stor

Vêrgudane vrange på "Fruens Vrede"

Etter tre dagar med strålande vêr var det slutt. Vêrgudane slo seg vrange, og regn og skodde seig innover Fanøy.
Oljedressar påkravd

Mannskapet på "Fruens Vrede" har søkt ly på lugarane og i byssa etter å ha snakka med kystforfattaren og ungane på Villmarkscamp i dag.
Store mengder nedbør har gjort at oljedressane må på i alle utandørsaktivitetar. Etter fire netter med rundt fem timars søvn følte også mannskapet at ein middagslur var velfortent.

Utpå ettermiddagen la "Fruens Vrede" kursen mot Hovden lengre nord i Flora. Kva som skjer der høyrer du i Kveldsåpent torsdag og morgonsendinga på NRK Sogn og Fjordane fredag!

Gler seg til å dusja

Ungar skal læra seg å verta villmarksmenneske i løpet av ein fire dagar lang camp på Batalden i Flora, vest om vestlegaste byen i landet.
Saknar ikkje facebook

- Me har padla i kano og klatra. Det har vore veldig kjekt, seier Øyvind Alrek.

Dei saknar ikkje internett og facebook, men noko anna.

- Me har lærd veldig mykje om villmarka, Anna Svarstad.

- Mykje dusjing?

- Nei, me har ikkje dusja på fire dagar. Det saknar eg nok, seier Svarstad.

- Eg skal i alle fall dusja når eg kjem heim, seier Alrek.

Villmarkskunnskap har gått tapt

Leiar for campen, Hans Erik Stenseth, meiner villmarkskunnskap har gått tapt hjå ungdommen i datasamfunnet, også på vestlandskysten.

- Born treng å verta litt skitne under neglene, laga sin eigen mat på bål og bruka kroppen i fire dagar, seier han.

- Men skulle ein ikkje tru ungar frå vestlandskysten kunne dette frå før?

- Nei, eg trur ikkje det lenger. Me er komne inn i datasamfunnet, så me sit no her og må læra ungane det som var mest basalt for hundre og kanskje femti år sidan.

- Korleis taklar ungane det?

- Dei taklar det kjempebra. Me berre deler ut mat, og så set dei i gang på eiga hand. Så det har vore ein fryd.

Kystforfattar på heiltid

I ei gamal fiskarstove på Fanøy i Flora sit Trond Strømgren og skriv bøker om kystkultur.
- Så lenge det er gøy, lagar eg bøker

- Eg kasta loss for to år sidan og sa opp jobben min på Kystmuseet for å skriva på heiltid om kystkultur og tilhøyrande emne. Det er mest gøy. Inntekta er mindre, for så vidt, men så lenge det er gøy og folk set pris på det vil eg driva med det ei stund til.

Han har nettopp kome ut med den åttande boka si, "Fantastiske Florø".

-Eg gav ut ei boka for ein månad sidan, men no må eg ta ein pause for å selgja bøker også, men samstundes har eg fire nye bøker i hovudet. Så dei får eg skriva når eg får tid.

Det fredelege kystlivet

Strømgren har naturlegvis god greie på kystkulturen, og trur det sindige "kystlynnet" kjem av eit fredeleg kystliv.

- Me har kanskje meir tid her ute enn i ein by, for ungane skal ikkje køyrast og ditt og datt på kveldane. No tykkjer eg det er kjempespennande å bu her ute på kysten med triveleg folkeferd og massevis av interessant historie

onsdag 23. juni 2010

Full jonsokfest på florøvis

Rundt 250 båtar såg over tusen pallar brenna ned i eit gigantisk Jonsokbål rett utanfor Florø sentrum. Båtradioen tok turen ombord på galiasen Svanhild.

Politiet tykte Svanhild skugga for jonsokbålet

- Dette er ei 121 år gamal Hardangerjakt som har høyrd til i Florø dei siste 25 åra. Dei siste 7-8 åra har me hatt tradisjon for å reisa ut i Florøvika på Jonsokafta, seier leiar i Svanhilds venner, Liv Standal.

Båtar i alle storleikar og fargar tøffa rundt for å sjå på bålet med Svanhild som det naturlege midtpunket. Faktisk tok Svanhild vel mykje merksemd, tykte politiet.

- Dei ringjer og klagar på at me skuggar for utsynet, for me har jo segla oppe. Så me har flytta oss litt, for det er vel andre som vil sjå bålet også, seier skipper på Svanhild, Stein Arve Olsen.