Me skal køyra båten mellom ymse utkantar, senda 20-25 minuttar med radio og laga 7-8 blogginnlegg kvar dag, samt eta og sova om bord. Sjølivet er krevjande og flott på "Fruens Vrede" - ein Colin Archer på 35 fot me sender båtradio frå.
Trekkjer mykje kabel
Dagane startar klokka 7 med frukost i form av brød med Nugatti eller syltetøy. Så må me få internett med brukbar bandbreidde på plass så direkteinnslaga våre på NRK Sogn og Fjordane kvart over åtte og kvart på ni får god lyd. Nokre dagar sender me også i Nitimen på P1 mellom klokka halv elleve og elleve
Radioinnslaga frå båten som lyttarane våre høyrer på, kjem nemleg i stand ved at lyden går via ei datamaskin og mobilt eller kabla internett. Er tilhøva gode, klarar me oss med mobilt nettverk, men for å vera på den sikre sida, prøver me å få nett via kabel. Dermed har me trekt ein del hundremeter med nettkabel i løpet av turen.
Når innslaga om morgonen er vel overstått - og det har dei stort sett vore - legg me ut på bølgjan blå. Me skal nå nye spennande plassar og snakka med nye spennande folk til ettermiddagssendinga lokalt og Kveldsåpent riks.
Svært varierte arbeidsoppgåver
Om bord tek skipper Harald Kolseth seg av navigeringa og det tekniske. Underteikna styrer roret når skipperen er oppteken med andre ting, i tillegg til å skriva blogginnlegg. Blogginga skjer via mobilt breiband i solskin (som oftast) frå dekk. Yngstemann og dekksgut Hans Ivar Moss Kolseth kastar loss og held styr på fenderane.
Kokkeleringa deler me på, og med to gassplater i ei lita bysse er boksemat som lapskaus og spaghetti a la capri ynda middag for sjøfolk. Det er som til fjells - alt smakar godt her.
Kvar går turen vidare?
Når me så har nådd destinasjon for ettermiddagen og kvelden, er det nye internettkablar å trekkja, fleire intervju me skal ta og blogginlegg å få ut på nettet. Etter innslaga i Kveldsåpent klokka ti over halv ti, er me igjen på tokt. Då må me finna ein plass å leggja til hamn for natta som er nær staden me skal ha innslag frå dagen etter. Mellom klokka eitt og to på natta kjem me oss på små lugarane med stikkøyer og søv tungt til dagen etter.
Per onsdag har Fruens Vrede vitja songfuglar Selje og klosteret der, restauranten "Skjærbuda" på den vesle øya Silda, Ulvesund fyr, "Mannen med ljåen" på Rugsundøya, ekteparet som restaurerer eit gamalt sagbruk i Terdal, villsaubøndene på Grønenga, dei som arbeider på båtverkstaden og steinbrotet på Seljestokken og i kveld skal me vera med på jonsokfeiring i Florø.
Kva båtradioen finn på vidare må du høyra på NRK Sogn og Fjordane, P1 og lesa bloggen "Kystsommaren" for å få med deg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar