- Då me var gutungar byrja me tidleg. Alle måtte ardeida. Gardane låg på rundt fire mjølkekyr
og nokre sauer.
Spreia møkk med berre hendene
Han flytta til Skavøypollen i 1981, men hadde fram til då budd på øya - som var utan veg til 2003 - innunder fjelltoppen Hornelen.
- Me var vande til å bu utan veg. Og det vart særskild lettare etter me fekk båtar med motor under krigen. Før den tid var det å ro og ro til handelsmannen i Rugsund. Og det var mykje slit.
Nygård har også vore med på å spreia møkk på markene med berre hendene. For hest hadde dei ikkje i Nygård sin ungdom.
Fanga fisk til middag
Nygård har også skaffa fisken til middagsbordet sjølv
- Eg var oppe i femtida i dag og tok opp lina som eg sette i går kveld. Så eg fekk mykje lyr, sei og torsk. Me åt mykje fisk då me var småe også, særskild sild.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar