onsdag 23. juni 2010

Brettar ulla av sauen

Villsau er ikkje som anna sau. Mellom anna må dei ikkje klyppast.

- Ulla fell av, men no er det så mykje ull rundt omkring her at me plukkar av sauene som har noko att, seier Anders Braanaas.

Vikingsau

Han og Hilde Buer har drive med villsau på veglause Grønenga utanfor Flora i ti år. No har dei 120 vinterfora sauer gåande på øya, og 80 andre beitar på ei annan øy.

- Det er flott å vera sauebonde. Me styrer dagane sjølve, og lærer noko heile tida sjølv om me har drive med dette i 30 år. Men det gjeld så klart å halda seg unna gjeld og for store investeringar, fortel Braanaas.

Men dei får valuta for villsauen sin på Grønenga. Dei sel kjøtet rett til restaurantar, og vann ein blindtest av sauekjøt som landets beste kokkar gjorde. Og dei får godt betalt for skinn og ull. Ulla til villsauen er nemleg heilt spesiell.

- Vikingane hadde ikkje klard seg utan villsauen. Både segla og kleda deira var laga av ull frå villsau. Ulla held godt på varmen sjølv om den vart blaut, seier Buer.

Tam villsau

For dette er sjølve ursauen. Den utviklar seg og ser ut som sau gjorde for 5 000 år sidan. Den legg opp store mengder feitt om sommaren for å gå på sparebluss om sommaren, og muskelfibrane utviklar seg seint så det vert finare i starukturen. Også har den altså heilårsull som fell av om sommaren.

- Den der har gått og skrubba seg under ei grein, fortel Buer om ein sau som ser ut som ein frisert puddel med naken frampart og ullete bakpart.

Men sjølv om dette altså er villsau, vert den tammare enn vanleg sau.

- Det kjem heilt an på korleis ein behandlar dei under oppveksten. Me har namn på alle 120 sauene våre, og dei kjenner oss att. Når me kjem mot dei, spring dei gjerne ein runde rundt oss for å få rett vind. Når dei luktar at det er oss, kjem dei i fanget, avsluttar Buer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar