tirsdag 22. juni 2010

Restaurerer unikt anlegg


Vatnet i renna på Terdal i Flora gav kraft til både kvern, stampe, vinsj og sag. Mykje var forfallent, men no vert den restaurert av dei einaste fastbuande i den veglause dalen.

Kom frå Voss med stoff

- Det er ingen andre stader så mange ulike ting vart drivne av vatnet frå same renna, fortel Arthur Nord.

Vassmengda vert regulert av ein demning og ei sluse før det går inn i renna. Fyrste vasshjul driv kverna, og andre vasshjul driv ei såkalla stampe.

- Her kokte og stampa dei stoff som var vevd. Stamping er det me kallar toving i dag. Eg kan så vidt hugsa at denne var i bruk. Dei kom heilt frå Voss med stoff hit, fortel Else Nord.
Truleg frå 1600-talet

Det tredje vasshjulet dreiv ein vinsj som løfta tømmerstokkane frå brygga. Det fjerde og definitivt største hjulet dreiv saga.

- Truleg er mykje av dette heilt frå 1600-talet, seier Arthur.

I dag driv ekteparet med villsau, og har gjort eit stort restureringsarbeid med anlegget.

- Renna var heilt nedfalls og róten, men den har me fått opp att. Også vasshjula er restaurerte, fortel Arthur.

Det som gjenstår no, er å resturera saga.

- Det har stoppa opp, for pengane manglar. Me har fått litt frå Sogn og Fjordane Energi og andre, men ingen flesker til. Heller ikkje fylkeskommunen. Og her har me ofte skuleklassar på besøk, avsluttar Arthur.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar