mandag 21. juni 2010

Mannskapet er på plass


Søndag kveld og natt var heile mannskapet på plass. Yngstemann gjekk rett frå skulebenken til lugaren på Fruens Vrede, skipparen innvia skøyta med direktesending på kveldsåpent, og nettansvarlege reiste frå metalfestival i Gøteborg til Selje.
Pussa på skøyta ein månad
Skippar Harald Kolseth har brukt den siste månaden på å pussa opp vårt flytande lune hi den neste veka.
- Det tek alltid litt meir tid enn ein trur, kommenterer han.
Sonen til Harald, Hans Ivar Moss Kolseth, avslutta niandeklasse fredag, og er no klar for båtradio og kystsommar.
Frå skrik og vræl til vakker seljesong
Sjølv køyrde underteikna nærare 100 mil for å koma om bord på Fruens Vrede søndag. Etter å ha sett hardrockgruppene Rammstein og In Flames setja fyr på det meste i Gøteborg denne helga, gjekk turen til vesentleg meir fredelege Selje. Men ikkje heilt utan komplikasjonar.

Alt gjekk i utgangspunktet såre vel og tidsplanen på ruta Gøteborg-Strømstad-Sandefjord-Lærdal-Skei-Anda vart følgd til punkt og prikke. Men billettøren på ferga som gjekk til Lote ved midnatt kunne fortelja at Lotetunnelen var stengd til klokka 0215. Dermed vart det ein omveg på om lag sju mil langs Panoramavegen via Blakstad. Underteikna såg ikkje så lyst på det då Caddyen klatra seg oppover dei smale kleivane den fyrste mila frå Lote, men sumarnatta var flott, og klokka 2 kunne sistemann om sider leggja seg i lugaren på Fruens Vrede.

Måndag morgon starta med vakker korsong frå to lokale Seljejenter - i temmelg stor kontrast til vrælande In Flames i Gøteborg 30 timar før.

Dermed er alt klart for kystsommar på Fruens Vrede!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar